Team MAFOSS

Jannike Tuvik Skarbø, prosjektleiar, og Jan Thormodsæter, leiar, i MAFOSS.

Jan Thormodsæter, dagleg leiar, med nokre refleksjonar på tampen av året:

MAFOSS – i stadig endring

Maritim foreining for søre Sunnmøre (MAFOSS) vart etablert i 1969 som «Verkstadforeininga i Ulstein-regionen». Frå stiftingsdokumenta les vi: «Foreininga har til oppgåve å fremje skipsbyggingsindustrien sine interesser i regionen og å finne fram til samarbeidsformer som kan tene til å styrke medlemsverksemdene sine konkurranseevner.»…

MAFOSS og oppdraget

I strategien til MAFOSS heiter det mellom anna: «MAFOSS skal vere ein uavhengig regional tilretteleggar som skal samle, forsterke, synleggjere og utfordre den verdsleiande maritime og marine klynga som medlemsbedriftene på Søre Sunnmøre er ein del av.» Behova og måla til våre medlemsbedrifter er vår fremste drivar, og MAFOSS jobbar aktivt for saker som er forankra i strategiane til våre medlemmer. Det inneber mange ulike oppgåver, men dei viktigaste felles sakene i dag er arbeid for sikring og utvikling av utdanning og kompetanse, kamp for betring av samferdselstilbod via veg, luft og sjø, samt sikring av gode vilkår for ei næring som er svært viktig for regionen og AS Norge.…
MAFOSS – kven og kor

MAFOSS – kven og kor

MAFOSS sitt nedslagsfelt er bedrifter som jobbar inn mot maritim og marin verksemd i kommunene Volda, Ørsta, Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein og Hareid – også kalla «sjustjerna» i kommunale samanhengar. MAFOSS har i dag medlemmer frå alle desse kommunene, og vi samarbeider også tett med leiinga i kommunene om saker av felles interesse.…

Kompetanseprosjektet - MAKOMP 

Arbeidskraft og kompetanse er dei viktigaste ressursane for bedriftene, og den maritime industrien har eit stort behov for arbeidskraft, då særleg fagarbeidarar. Samstundes er dette ein bransje med store svingingar i ordreinngongen, og bedriftene må balansere bemanningsnivået opp mot aktivitetsnivået på det jamne. Dette byd på ei rekkje utfordringar. MAFOSS sitt kompetanseprosjekt starta i januar 2022, basert på eit forstudie frå hausten 2021, som ein konsekvens av eit ønskje og initiativ frå lokalt næringsliv. …
MAFOSS og Skaparhuset

MAFOSS og Skaparhuset

MAFOSS er ein av partnarane i Skaparhuset, og Jan Thormodsæter har vore styreleiar sidan starten i 2020. Skaparhuset samlar verkemiddelapparatet, skule og arbeidsliv til eit kreativt, utfordrande og spanande fellesskap. Skaparhuset held til i sentrum av Ulsteinvik og er arena for innovasjonsarbeid, undervisning, prosessarbeid, seminar, gründerverksemd og kopling mellom desse aktivitetane.…

2023 i bilder