You are currently viewing Kompetanseprosjektet – MAKOMP 
Jannike Tuvik Skarbø. Foto Ole-Ottar K Høgstavoll Vikebladet Vestposten.

Kompetanseprosjektet – MAKOMP 

Arbeidskraft og kompetanse er dei viktigaste ressursane for bedriftene, og den maritime industrien har eit stort behov for arbeidskraft, då særleg fagarbeidarar. Samstundes er dette ein bransje med store svingingar i ordreinngongen, og bedriftene må balansere bemanningsnivået opp mot aktivitetsnivået på det jamne. Dette byd på ei rekkje utfordringar. MAFOSS sitt kompetanseprosjekt starta i januar 2022, basert på eit forstudie frå hausten 2021, som ein konsekvens av eit ønskje og initiativ frå lokalt næringsliv. 

I dette prosjektet har vi rigga ein modell for samarbeid om eksisterande arbeidskraft gjennom ein inn- og utleigemodell av fagressursar etter behov. Denne modellen er utvikla i tett samarbeid med næringslivet, med ein primærintensjon om å verne om eksisterande arbeidskraft og førebyggje permitteringar. Modellen er kvalitetssikra i samarbeid med juridiske ressursar, Fellesforbundet, NHO, Norsk Industri og Konkurransetilsynet.

Prosjektet har og opna for eit sterkare fokus på rekruttering av framtidig arbeidskraft og promotering av regionen. Siste del av prosjektet har hatt eit spesielt fokus på nettopp dette. Samarbeid og samhandling med andre aktørar har vore sentralt i prosjektet frå start, ikkje minst i dette arbeidet. Prosjektet er no i ei sluttfase, og etterlet seg ein «arv» med konkrete planar og delmål, tilhøyrande materiale, kunnskap og verdifulle erfaringar som MAFOSS tek med seg i vidare arbeid.

Samarbeidspartar og støttespelarar er fylkeskommunen, Sparebanken Møre og fem kommunar på søre Sunnmøre, som frå ulike perspektiv ser at målsetjinga med prosjektet er samanfallande med eigne overordna mål og verdiar.