You are currently viewing MAFOSS – i stadig endring
Jannike Tuvik Skarbø, prosjektleiar, og Jan Thormodsæter, leiar, i MAFOSS.

MAFOSS – i stadig endring

Maritim foreining for søre Sunnmøre (MAFOSS) vart etablert i 1969 som «Verkstadforeininga i Ulstein-regionen». Frå stiftingsdokumenta les vi: «Foreininga har til oppgåve å fremje skipsbyggingsindustrien sine interesser i regionen og å finne fram til samarbeidsformer som kan tene til å styrke medlemsverksemdene sine konkurranseevner.»

Klyngeetablering og klare ambisjonar har vore der heilt frå 60-talet. Samarbeid var nøkkel alt då, og ein såg at ein måtte samlast for å få gjennomslag i saker som var viktige for næringa. Det var eit stort behov for betre utdanning, det var naudsynt med stadig påfyll av kompetanse, ein trengde betre infrastruktur for å kunne drive næring ute på kysten, og ein trengte god kontakt med politiske miljø og andre aktørar. Slik er det framleis, og arbeidsoppgåvene for MAFOSS er difor like aktuelle i dag.

Det var skipsbyggarne og verftseigarane sjølve som starta MAFOSS. I dag er nokre av desse borte, medan andre er blitt slått saman med større verksemder. På søre Sunnmøre er det i dag fire verft, og alle er medlemmer i MAFOSS:
Ulstein Group AS, Green Yard Kleven AS, Larsnes Mek. Verksted AS og Myklebust Verft AS.

I tillegg til verfta representerer MAFOSS dei fleste av verksemdene innan den maritime og marine leverandørindustrien på Søre Sunnmøre. Medlemsbedriftene utgjer soleis ei komplett verdikjede, frå idè og design, via utstyr og system, til bygging, samanstilling, testing og ferdigstilling. Dette er sjølve nøkkelen – at miljøet omfattar heile rekka av samarbeid som må til for å levere utstyr og skip i verdsklasse.

Idar Ulstein, som var første styreleiar i MAFOSS, sa tidleg at det som skal kjenneteikne oss som næring på søre er at vi «Samarbeider når vi kan og konkurrerer når vi må».
Dette er ein god regel for felles utvikling den dag i dag, og pregar på mange måtar det daglege arbeidet vårt.

– Eg gler meg over å vere leiar i MAFOSS. Vi har i dag mange og aktive medlemsbedrifter, og sakene vi får jobbe med for å legge optimalt til rette for at dei skal kunne drive konkurranse med resten av verda er ein motivasjonsfaktor for å stå på vidare.
Det må stadig jobbast for å sikre skuletilbod, legge til rette for samarbeid, fornye og utbetre alt av infrastruktur, og sparke våre politikarar litt på leggen når dei kjem ut av kurs. Samstundes må vi jobbe for å halde i gang gode nettverk og sørge for god informasjon til våre folkevalde slik at dei legg optimalt til rette for at vi skal kunne drive industrielt næringsliv på kysten.
Den jobben tek vi på høgste alvor, og eg gler meg over dagleg å få jobbe for ei framtidsretta og ambisiøs næring!