You are currently viewing MAFOSS og Skaparhuset
Skaparhuset.

MAFOSS og Skaparhuset

MAFOSS er ein av partnarane i Skaparhuset, og Jan Thormodsæter har vore styreleiar sidan starten i 2020.

Skaparhuset samlar verkemiddelapparatet, skule og arbeidsliv til eit kreativt, utfordrande og spanande fellesskap. Skaparhuset held til i sentrum av Ulsteinvik og er arena for innovasjonsarbeid, undervisning, prosessarbeid, seminar, gründerverksemd og kopling mellom desse aktivitetane.

Skaparhuset er i stadig utvikling, og vi ser no fleire spanande prosjekt som vert utvikla i samarbeidet mellom næring og skule. I 2023 er særskilt Kongsberg Maritime aktive med eit realfagsprosjekt i samarbeid med Ulstein vidaregåande skule. Utfordringar frå næringa gir elevane gode praktiske døme på kva realfag kan nyttast til. Dette er sentralt for skulen, slik at dei kan knytte undervisning til noko konkret i bransjane rundt oss. Soleis skaper vi interesse for fag, samstundes som at dette er ein rekrutteringsplattform i seg sjølv.

Øvrige partnarar er ÅKP, Høgskulen i Volda, Ulstein kommune, Ulstein Næringsforum, NCE iKuben, Ulstein Vidaregåande skule, ProtoMore og Sparebanken Møre.

Les meir og kontakt gjerne ny dagleg leiar Monika Haanes Waagan via www.skaparhuset.no