I strategien til MAFOSS heiter det mellom anna: «MAFOSS skal vere ein uavhengig regional tilretteleggar som skal samle, forsterke, synleggjere og utfordre den verdsleiande maritime og marine klynga som medlemsbedriftene på Søre Sunnmøre er ein del av.» Behova og måla til våre medlemsbedrifter er vår fremste drivar, og MAFOSS jobbar aktivt for saker som er forankra i strategiane til våre medlemmer. Det inneber mange ulike oppgåver, men dei viktigaste felles sakene i dag er arbeid for sikring og utvikling av utdanning og kompetanse, kamp for betring av samferdselstilbod via veg, luft og sjø, samt sikring av gode vilkår for ei næring som er svært viktig for regionen og AS Norge.…