I strategien til MAFOSS heiter det mellom anna:
«MAFOSS skal vere ein uavhengig regional tilretteleggar som skal samle, forsterke, synleggjere og utfordre den verdsleiande maritime og marine klynga som medlemsbedriftene på Søre Sunnmøre er ein del av.»
Behova og måla til våre medlemsbedrifter er vår fremste drivar, og MAFOSS jobbar aktivt for saker som er forankra i strategiane til våre medlemmer. Det inneber mange ulike oppgåver, men dei viktigaste felles sakene i dag er arbeid for sikring og utvikling av utdanning og kompetanse, kamp for betring av samferdselstilbod via veg, luft og sjø, samt sikring av gode vilkår for ei næring som er svært viktig for regionen og AS Norge.
Dette betyr at MAFOSS har tett kontakt med politiske nivå frå lokalt, via regionalt til sentralt for å få auka forståing for utfordringane i industrien vi representerer.
Kontakten med politiske nivå er noko fleire driv med, men MAFOSS kan nok ha ei friare rolle enn fleire andre organisasjonar, sidan vi ikkje er bundne til sentrale avtalar og eigarskap.
MAFOSS jobbar godt saman med andre aktørar for å løfte enkelte bransjesaker inn til sentrale fora i tillegg til enkeltsamarbeid med andre interesseorganisasjonar frå sak til sak.
MAFOSS er aktivt med i EU-prosjektet «LeaderSHIP» der ein med aktørar frå fleire land i EU ser på korleis ein kan utvikle felles modellar og systematikk for etter- og vidareutdanning. Vi håper at ein gjennom dette arbeidet får sameina og heva fag-standardar innanfor skipsbygging i Europa. Samstundes er det ein glimrande arena for å sjå kva våre konkurrentar i EU har som fokus.
MAFOSS har også fått med Møre og Romsdal Fylkeskommune i dette samarbeidet. Fylkeskommunen og Kompetanse- og Næringsavdelinga er ein god og aktiv aktør for MAFOSS og er sentral for sikring av gode tilbod på yrkes- og fagskulane våre.