MAFOSS sitt nedslagsfelt er bedrifter som jobbar inn mot maritim og marin verksemd i kommunene Volda, Ørsta, Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein og Hareid – også kalla «sjustjerna» i kommunale samanhengar. MAFOSS har i dag medlemmer frå alle desse kommunene, og vi samarbeider også tett med leiinga i kommunene om saker av felles interesse.
MAFOSS og utvala
MAFOSS er i dag også organisert med fleire utval/ arbeidsgrupper, der medlemsbedriftene sender sine fagfolk. Utvala femner fagområda Kompetanse og opplæring, HR/ Personal, Logistikk og produksjon, Helse miljø og sikkerheit (HMS) og Forsking og utvikling (FoU). Nokre meir aktive enn andre, men utvala har fokus på fagområder som medlemmene jobbar med til dagleg i sine respektive bedrifter, og representantane deler informasjon og erfaringar frå arbeidet med utvalet dei er med i. Slik utviklar vi oss i lag som bransje på fleire felt.
Styret for MAFOSS 2023-2024 er:
- Hans Jørgen Fedog, Green Yard Kleven, styreleiar
- Margrete Heltne Hovde, WATTN, nestleiar
- Jarle Gunnarstein, Larsnes Mek. Verkstad AS, styremedlem
- Tommy Fredriksen, Kongsberg Maritime, styremedlem
- Per Erik Dalen, ÅKP, styremedlem
- Lars Lühr Olsen, Ulstein verft, styremedlem
- Synnøve Ringstad Ingeberg, Amex GBT, styremedlem
MAFOSS og ÅKP
MAFOSS vart i 2020 formelt etablert som eit prosjekt i ÅKP, og skal saman med ÅKP arbeide for å løyse felles medlemsutfordringar og for å finne synergiar i felles målsettingar.
MAFOSS og GCE Blue Maritime Cluster
Samarbeid om felles mål og konkrete prosjekt. MAFOSS fekk vere medarrangør med GCE på mellom anna fagdag om «Energieffektivisering av dagens flåte» som vart gjennomført i Fosnavåg i haust. Det er særs utviklande å få samarbeide med dyktige GCE-medarbeidarar, og vi ser fram til fleire felles prosjekt i 2024.
MAFOSS og kreative næringar og innovative miljø
For MAFOSS er det viktig å ha gode koplingar til dei kreative næringane slik at nye talent innan til dømes reklame, film og medieproduksjon får etablere kontakt med vår bransje. Desse produserer gjerne saker for våre medlemsbedrifter, dei får jobb i ulike mediehus etter utdanninga, og er viktige for å fortelje historia vår i fleire kanalar og til nye brukarar. Arbeidet med etablering av program og opplegg for innovative miljø er også viktig i eit rekrutteringsperspektiv, og MAFOSS støttar difor ulike tiltak for dette. MAFOSS er på bakgrunn av dette engasjert i styret i Sunnmøre Kulturnæringshage (SKNH) og Norsk Innovasjonssenter (NIAS).
MAFOSS administrasjon
I 2023 består administrasjonen av dagleg leiar Jan Thormodsæter og prosjektleiar Jannike Tuvik Skarbø. Jannike er prosjektleiar for kompetanseprosjektet «Kompetanseutvikling Sunnmøre», kort kalla MAKOMP, som du kan lese meir om i ei anna sak her på sida.